Skuletilbud


Skule- og barnehagetilbod 2017/2018

Vi på Setesdalsmuseet ønskjer barn og unge velkomne til anlegga våre. Alle opplegg museet tilbyr er gratis for sku-lar og barnehagar.

Opplegga som vert presenterte i dette heftet er tenkte som supplement til den vanlege skuleundervisninga, og er ut-arbeidde med Kunnskapsløftet i tankane. Det er lagt fokus på å nå mål som er formulerte i læreplanane.

Kontakt oss i god tid før om de vil bestille opplegg, så er det størst sjanse for å få det tidspunktet som passar dykk best. Det kan også hende det kjem nokre fleire opplegg i løpet av året som vi vil annonsere på denne sida.

Om skulen held på med tema/prosjekt innanfor nokon av museet sine fagfelt så ta gjerne kontakt. Er det det mogleg for oss å bidra så gjer vi det.

Matlaging er viktig. Vi tenkjer ikkje så ofte på at før var det å lage mat noko heilt anna.
"Bæ, bæ lille lam, har du noe ull..." heiter det i songen. Korleis fekk dei til å lage klede av ull i gamle dagar?
Å lafte eit hus er nesten som å byggje med lego.
"Slå på ringen" og "Siste par ut". Mange av dei gamle leikane er i ferd med å forsvinne. Vi kan dei framleis på Setesdalsmuseet!
Eventyrtradisjonen i Setesdal er rik. Visste du at den norske kongsgarden i eventyrteikningne er inspirert frå Setesdal?
Setesdalsbunaden er ein av dei vakraste i landet. Bli med og kle deg opp som ein ekte setesdøl.
Ein skuledag i gamle dagar slik den var på dei gamle grendeskulane fram til sentraliseringa begynte på 1950-talet.
Gardsdrift utan traktor? Bli med tilbake til ei tid med hest (og stut) som viktigaste hjelpemiddel i onnearbeidet.
Dyr og menneske levde tett saman i det gamle samfunnet, og born og dyr vart gjerne gode vener.
Det budde folk i dalen også for 1000 år sidan. Bli med tilbake til ei spennande tid.

Kontaktpersoner

Bilde av kontaktperson person.GetPropertyValue(
Johanne Cecilie Fiane Hortemo
museumspedagog
+47 94502421