Velkomen til Setesdal


Setesdalsmuseet – eit museum på langs. Frå Hovden i nord til Iveland i sør ønskjer vi velkomen til gode museumsopplevingar.

 

 

 

 

I dag tek ei reise frå Kristiansand til Fjellgardane på toppen godt og vel tre timar - noko avhengig av årstid. Slik har det ikkje alltid vore. Før Postvegen - noverande rv. 9 - vart teken i bruk midt i 1840 -åra, tok den samme turen tre veker.

Turen frå sjøen til høgfjellet er ei oppleving i seg sjølv. Etter nokre mil med åslandskap i dei nedre delane kjem Byglandsfjorden, og derfrå vert det meir og meir eit tydeleg dalføre med høge fjell. Lengst oppe er vi på vidda der vegetasjonen er sparsam og fjella tykkjest ikkje vere så nærme lenger.

Vegen er i dag opprusta til ein standard som dei fleste stader er brei nok til å ha gul midtstripe. Statens Vegesen har bygd opp gode rasteplassar. Den siste, ved dei gamle bruene og slusene ved Storstraumen i Bygland, stod ferdig til sommaren 2017. På gode sommardagar er det mange som tek seg ein rast der. Er ein heldig får ein også sjå dampbåten Bjoren som fleire gonger i veka er ute på fjorden. Kvar sundag er det opne turar, slik at den som har lyst kan få seg ein tur med ein vedfyrt dampbåt.

 

 

På sommarstid er det aktivitet på mange områder. I Setesdalsguiden vil finne informasjon om det meste. Du får den på turistkontora, hotellverksemdene, musea mm

 

 

Vi håper du også tek deg tid til ein tur innom.

 

Gamle foto frå Setesdal

 

 

Setesdalsmuseet har ei rikhaldig samling med gamle foto. Leitar du etter særskilde motiv, må du gjerne ta kontakt, og vi skal sjå om vi kan finne det du er ute etter. Museet har no fleire tusen digitaliserte bilete, og det vert arbeidd med å leggje den informasjonen som er kjent om kvart bilete inn på datafilene med tanke på å gjere dei søkbare på internett.

Setesdalsmuseet deltek i prosjektet Digitale Bilder Agder, og gjennom dette er det no mogeleg å søkje i den store biletsamlinga etter August Abrahamsson. Samlinga inneheld over 900 foto frå kring 1900-1915, og har svært høg teknisk kvalitet i tillegg til at fotografen også er svært dyktig. Søk på August Abrahamson, og du får alle bileta han har teke.

Bilete som kjem frå Setesdalsmuseet har museet sine initialar SET  som start på filnamnet. Du kan søkje på stader og innhald i biletet. Du vil også finnne bilete frå Setesdal frå andre samlingar. Eit godt tips då er å leggje inn søkeordet Køhn, som var ein  fotograf som arbeidde mykje i Setesdal tidleg på 1900-talet

Logg deg inn på Digitale Bilder Agder.

Litteratur fra Setesdal

 

Før du kjem på besøk har du kanskje lyst til å få meir kunnskap om dalen og dølane. Det er skriva ikkje så reint lite om temaet.

I denne lista finn du litteratur som er utjeve fram til rundt 2005. Om ikkje fullstendig så likevel ganske omfattande. Fleire av desse bøkene kan ein lese fritt på Nasjonalbiblioteket si side Bokhylla. 

Setesdalsmuseet har også eit rikhaldig utval av bøker for sal. Mellom anna bygdebøkene for dei ulike bygdene.

Setesdalsbibliografi

 

 

 

Relaterte objekter

< Ølhøne

Ølhønene er ofte vakkert utforma med hovud og hale, og gjerne måla i sterke fargar.
Bilde av mufle frå Langeid i Bygland

Mufle >

Muflane er ofte vakkert broderte i tradisjonelle mønster.
Bilde av mufle frå Langeid i Bygland

< Hardingfele

Hardingfela er "nasjonalinstrumentet" i Setesdal.