Mitt liv som ku
Korleis var det daglege livet på garden i gamle dagar? Korleis vart livet til bonden? Kva gjorde borna på garden? Og korleis var det å bu i fjøset og vere ku? Ved bruk av leik og dramatisering vil vi prøve ut ulike roller, og gjere oss kjende med kva slags arbeid dei forskjellige hadde på garden.
Målgruppe: 1.- 4. trinn
Fag med kompetansemål: Samfunnsfag - ”fortelje om sin eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan, og om korleis levevis og levekår har endra seg.”
Stad: Rygnestad, Iveland