Stririkkeutstilling Annemor Sundbø
Med bakgrunn som kunsthandverkar, tekstildesignar og faglærar i vev og teikning har Annemor hatt eit brennande engsjement for dokumentasjon, formidling og synleggjering av tradisjoneldt tekstilhandverk. Mykje av dette har vore i ferd med å forsvinne for all ettertid.
Interessa for alt som har med ull å gjere, tok for alvor av då ho i 1983 overtok Torridal Tweed og Ulldynefabrikk. Jeg fillehaugen med over 4000 strikkeplagg har ho funne inspirasjon og tilfang til å utføre et omfattende arbeid med ull og tekstilar. Ho har reist verda rundt og fortalt om sine røynsler. Ein omfattande bokproduksjon er eit anna resultat, og fleire av bøkene hennar er omsette til engelsk.
Annemor, som fylte 70 år i forfjor, har opp gjennom åra bygt opp ei omfattende samling med godbitar frå forskjellige fillehaugar.