Sigurd Helle & Norway Station Antarktis 1956-1960
Søndag 6. september 2020 ville Sigurd G. Helle ha runda 100 år. Det var meininga å lage ei utstilling som kunne opnast då, men på grunn av corona og andre omstende vart det vurderte som ei betre løysing å vente eit år til. No står utstillinga ferdig under namnet "Sigurd Helle & Norway Station. ANTARKTIS 1956-1960".
Sigurd var ein tilsynelatande beskjeden mann som ikkje skilte seg så veldig mykje frå dei andre byfolka som var heime om somrane på 1960 og -70 talet. Han var kanskje litt finare i kleda enn vanleg bygdefolk. Gjekk i dress og bruka hatt. Var ikkje så godt å sjå at han hadde vore med på meir spennande ting enn folk flest. For ein gutunge på den tid var det litt uforklareleg at mange kalla han Sigurd Sørpolen. Og systera hans hadde eit stort isbjørnskinn hangande på veggen, og dei fortalde at det var han som hadde skote bjørnen. Forklaringa skulle kome etter kvart.
Sigurd vart fødd på seinsommaren 1920. Foreldra budde litt på Langeid og litt på Besteland. Familien dreiv med sylvarbeid, og på slutten av 1940 talet bygde faren Gunnar Andresson saman med to søner og to svigersøner to store hus og ein verkstad og bensinstasjon på den staden som i dag vert kalla Rysstad sentrum.
Sigurd vart ikkje med på dette, men valde skulevegen. Fyrst på Hornnes landsgymnas, og sidan på universitetet i Oslo, der han var ferdig med hovudfag i 1948. Året etter vart han tilsett ved Norsk Polarinstitutt som goeodot eller landmålar, og avslutta yrkeskarriera sames staden og vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1989.
Dei fyrste ekspedisjonane han var med på gjekk nordover, og han var mellom anna med på kartlegging av Jan Mayen. Men Noreg hadde også eigedomsrett til butikkareal i Antarktis, ein rett dei hadde nytta seg lite av etter annekteringa i 1939. 1957-58 var Det internasjonale geofysiske året, og tida var inne til å vise at ein faktisk var interessert i staden. 14 mann vart rusta ut til ein vitskapleg ekspedisjon med Sigurd som leiar. I tillegg til kartlegging av landskap føregjekk det mellom anna metrologiske målingar, rørslene i isen, osonmålingar og studiar av sørljoset. Mykje av dette materialet har seinare fått stor betydning for forståinga av Antarktis og tilhøva der.
For å få dette til var det store praktiske utfordringar. Ekspedisjonen hadde til beltetraktorar og 42 grønlandshundar med på fraktebåtane «Polarsirkel» og «Polarbjørn» då ekspedisjonen la frå kai i Oslo 10. november 1956. Med var også til hus som skulle setjast opp, 115 000 liter drivstoff og butikk mengder proviant. Ein måtte sikre seg då ein ikkje visste om det var mogeleg å kome fram med nye forsyningar kvart år.
Etter å ha vore innom på Kanariøyane og Uruguay, var ekspedisjonen innom kvalstasjonen på Sør-Georgia for å hente kvalkjøt og spekk til hundefor. 31. desember ankra båtane opp ved iskanten i Antarktis. Arbeidet med å byggje stasjonen starta opp med ein gong. Det vart mykje frakting og lange dagar, og etter nokre veker i telt var det godt å kome i hus. Kvar mann fekk eit lite rom på 2 x 2 meter som sitt eige, vesle krypinn. Før ekspedisjonen var fullført låg desse bygningane 6,5 meter nede i isen og ein måtte bruke stige for å kome ut. Det var etter å gjøre lunt og godt når finne ikkje fekk tak, men ein måtte vere påpasseleg med at det vart tilført frisk luft.
10. mars 1957 vart det oppretta radiosamband med Bergen radio, noko som gjorde det mogeleg med kommunikasjon med dei heime. Mora, Ingebjørg, vart intervjua av Agder Tidend til jol i -56. Og det er tydeleg at ho ikkje er heilt komfortabel med situasjonen. Ho hadde nok prøva å telje Sigurd ifrå: «Men det nytta ikkje tale for Sigurd. Han er så interessera for tiltaket at han ser burt frå alle fårar. Til kvart år har han vore heime i jola. Di meir er saknet no når han er langt unna. Du veit dei har godt utstyr, men det må vere fælt likevel. Ulykkor hender mest på kvar ekspedisjon. (…) Turen er planlagd alt fram til våren 1959, så Sigurd vert vekk i tre joler, om han lever då, legg Ingebjørg varsamt til. »
Ingebjørg kunne nok ha grunn til uro. Men stormar og turar ute på breane i isande kulde, og der det ikkje alltid var heilt på det reine kvar vegen til stasjonen gjekk vart dei heime meir eller mindre forskåna for. Likeins historia om beltetraktoren som forsvann ned i ein bresprekk. Heldigvis gjekk ingen liv tapt.
Mykje kunne forteljast om tida på Sørpolen. Setesdalsmuseet har under førebuing ei utstilling om Sigurd G. Helle og ekspedisjonen han leia, så meir skal kome fram då. Utstillinga skulle ha stått oppe i jubileumsåret, men på grunn av omstenda i år laut den utsetjast til neste sommar.
Ekspedisjonen vart undervegs forlenga med eitt år, slik at Sigurd, ein av dei som var med heile tida, ikkje var heime før i slutten februar 1960. Heimkomen var tida no inne for å stifte familie og kjøpe hus på Jar utanfor Oslo. Mange hugsar han nok også som mangeårig leiar av Setesdalslaget i hovudstaden.
Dottera Ingebjørg har henta fram mykje av det materialet det no skal lagast utstilling over. Sigurd sjølv var glad i å samle, og hadde teke vare på mykje stoff frå ekspedisjonen som no er på Framsenteret i Tromsø der det også er ei utstilling.
Sigurd heldt fram bruk sitt på Polarinstituttet, også etter at han vart pensjonist. Men då instituttet vart flytta til Tromsø i 1998, var det ingen kontorplass å gå til. Sigurd vart likevel heidra med invitasjon saman med Kongen og Dronninga då den norske forskingsstasjonen Troll i Antarktis vart opna i februar 2005. Då var han reist tilbake til gamle tomter, men på ein litt raskare måte enn 45 år tidlegare.
Sigurd døydde 21. april 2013, og ligg gravlagd ved Bygland kyrkje.