Evjemoen forsvarsmuseum
Evjemoen Forsvarsmuseum er no stengt for sesongen.
Då Agder Regiment på Evjemoen vart nedlagd i 2003, var ein mest hundre år gamle epoke med forsvaret på Evjemoen over. Ei omfattende samling bygningar, fleire av dei verna, vart ståande tomme. Store mengder materiell av ulike slag låg att, og skulle etter planen kasserast, seljast mv
Slik gjekk det ikkje. I staden kunne Evjemoen Forsvarsmuseum tre år seinare opne portane. Dette er einaste hærmuseet mellom Bergen og Oslo. Innfallsvinkelen er regionalhistorisk med utvikling av Evjemoen i fokus. I tillegg vert vi kjende med forsvaret si utvikling og endring gjennom hundre år, i krig og i fred. Her er original uniformer frå dei ulike tidsepokane, utstyr og våpen samt ei veldig rik biletsamling.
Evjemoen er ikkje minst spennande for alle dei som opp gjennom åra har vore tilsette eller hatt teneste der.
Museet har dessutan ei innhaldrik utstilling om stortingsmann og statsminister Jørgen Løvlands liv og arbeid. Han kom frå bygda, og var ein sentral norsk politikar på vegen fram mot unionsopløysinga i 1905.