Velkomen til ei hyggeleg museumsoppleving i Setesdal.
Bygde vikingane skipa sine med jernnaglar frå Hovden? Analyser frå Gokstadskipet fortel oss at delar av jernet som vart brukt der kom frå Agder.
Rosemalte kyrkjer er det ikkje mange av, og med sine knapt 70 m2 er Bykle kyrkje frå ca. 1620 i tillegg ei av dei minste vi har her i landet.
Det er noko eige med gamle tømmervegger. Brune og solsvidde vitnar dei om tider som har vore, om kultur og arbeidsliv. Enkelt, men likevel så innhaldsrikt og spennande.
Sett med nasjonalromantiske auge, var Bykle for 70 år sidan ein vidunderleg stad å kome til. I Huldreheimen har fortida stått stille.
Nordigard Rygnestad har røter tilbake til middelalderen. Saman med historiene om segnhelten Vonde-Åsmund, er Rygnestad eit høgdepunkt på museumsvandringa gjennom dalen.
Nordigard Tveiten i Valle; ein vakker gard med heile vallebygda som sceneteppe bak.
«Kultur og tradisjon i Setesdal!» Setesdalsmuseet formidlar god historie på 13 ulike arenaer. Museumsbygget på Rysstad – som du kan besøke heile året –har faste utstillingar i kombinasjon med vekslande sommarutstillingar. Tak deg tid til ein liten kulturpause.
Bygland museum; eit friluftsmuseum med eiga sandstrand og dampskipsbryggje!
På turen gjennom Setesdal må du få med deg eit "cruise" med den vedfyrte dampbåten Bjoren.
Syns du det er spennande med geologi? Då er Evje mineralsti ein god plass å begynne. I den gamle Landsverkgruva vert det sprengt ut store stuffar med mange ulike mineral. Der får du lov til å gå på skattejakt.
Interessert i geologi? Setesdal si største mineralsamling kan du sjå på Fennefoss.
Evjemoen! Sidan 1954 har rundt rekna 100 000 rekruttar, medrekna noverande NATO-sjef Jens Stoltenberg, starta opp førstegongstenesta på Evjemoen.
Litt inn i skogen, men likevel så innhaldsrikt og spennande. Stikkord er arkeologi, draktskikk og bygdekultur.