Ledige stillingar som maskinist og matros på Bjoren


Lyst på ein spennande jobb i sommar? Då er kanskje dampbåten Bjoren noko for deg. Sesongen er frå slutten av mai til 1. september.

Vil du verte matros eller maskinist på Bjoren?

 

Dampbåten Bjoren er eit flytande, kulturhistorisk minnesmerke som kvar sommar gjev ugløymelege opplevingar til dei som blir med på tur.

 

Som mannskap om bord vert det kravt personar med sikkerheitskurs. Det er sjølvsagt ein fordel om den som søkjer alt har dette. Om ikkje må du som søkjer vere viljug til å take dette. Anna opplæring vert gjeve ombord. Vi treng folk alt frå sommaren 2016.

 

Vi søkjer no primært etter matrosar og maskinistar, og den som søkjer må sjå føre seg at han/ho har lyst til å vere med også i åra framover.

 

Det vert sett opp vaktlister som vert tilpassa eventuelt andre oppgåve den enkelte måtte ha. Ut over dette er det muleg å bestille båten for gjester, og då kan det vere behov for mannskap på relativt kort varsel.

 

Løn etter avtale.

 

For meir informasjon kontakt kaptein Sven-Robert Kleppe på tlf. 995 18 203.

 

Søknad kan sendast til post@setesdalsmuseet.no.                 Søknadsfrist 23. mai.