Snipp, snapp snute


I ljoset frå åren kom troll og tussar til liv. Folka på garden samla seg rundt eldstaden og høyrde eventyr og forteljingar. Dei kom for å ”sitje kvelden” som dei kalla det. På museet vil vi gjenskape denne opplevinga. Vi fortel kjende (og kanskje ikkje så kjende) eventyr der vi alle er samla rundt elden i årestoga.

 

Målgruppe: 1. - 4. trinn + barnehage og SFO
Fag med kompetansemål: Norsk
Stad: Årestoger på Bygland, Iveland, Evje og Hornnes og Bykle