Sjå Langeidsverdet på Kuben i Arendal frå 10.9 - 26.11.

Arkeologi

Mellom dei mange funna som vart gjorde under utgravingar på Langeid i 2011 er ei skålvekt, vektlodd, fragment av arabiske og europeiske myntar, glasperlar frå det austlege middelhav og eit praktfullt sverd som truleg har opphavet sitt veldig langt aust for oss. Her har vi endå eit bevis på stor, stor velstand mellom somme av bøndene.

Vidare kan funnet eintydig daterast til rett etter år 1000, og at ei øks er av same slag som det er funne fleire av i Themsen, og knyter personen i grava til Knut den mektige sitt felttog i England 1015-16. Sjølv om det pr. definisjon er ei heidensk grav, har sverdet også kristen symbolikk. Mellom anna ei tydeleg hand som held ein kross.

Importgjenstandane er også udiskutable bevis på kontakt mellom Setesdal og andre område. I kva grad vi talar om direkte kontakt mellom setesdølar og andre skal vi late liggje til nye undersøkingar eventuelt gjev oss eit betre grunnlag for å svare på spørsmålet. Funnet på Langeid er likevel vanskeleg å tolke på annan måte enn at sverd og øksar har tilhøyrt den avdøde. Han kan ha hatt dei fordi han var soldat, men det er også mogeleg å tenkje seg at det er ei gåve, t.d. i samband med handel med jern.

Lokasjon


«Kultur og tradisjon i Setesdal!» Setesdalsmuseet formidlar god historie på 13 ulike arenaer. Museumsbygget på Rysstad – som du kan besøke heile året –har faste utstillingar i kombinasjon med vekslande sommarutstillingar. Tak deg tid til ein liten kulturpause.

Bygde vikingane skipa sine med jernnaglar frå Hovden? Analyser frå Gokstadskipet fortel oss at delar av jernet som vart brukt der kom frå Agder.