Slåttedag på Rygnestad


Den årvisse slåttedagen på Rygnestad går av stabelen laurdag 14.7.
Slåttedag
laurdag 14. juli 2018
11:00
Rygnestad museum

Rygnestad er valt ut som eitt av 20 norske kulturlandskap som skal takast særskilt vare på. Derfor vert landskapet her pleia på ein spesiell måte. Museumstunet vert beitt med husdyr, graset vert slått med ljå, og i det heile slik det var før maskinane gjorde sitt inntog i landbruket.

Eitt resultat er sjølvsagt at eit slikt pleia landskap er vakkert å sjå på. Ei anna side er at den gamle vegetasjonen også vender tilbake. Ein spesiell blom er den gule, prestekrageliknande solblomen, eller tobakksblomen som namnet er lokalt. Etter å ha vore meir eller mindre borte nokre tiår, er han no i ferd med å vende tilbake. Som eit ekstra pluss dukkar det også opp nye insektartar og andre smådyr når den gamle vegetasjonen tek til å dominere att.

Andre laurdagen i juli inviterer Setesdalsmuseet saman med grunneigarar og Fylkesmannen i Aust-Agder til slåttedag..

Programet er som følgjer:
* ljåslått med langorv og stuttorv
* sliping/bryning
* gratis slåttegraut ca. kl. 12.00
* slåttekonkurranse ca. kl. 13.00
 
 
Alle interesserte kan prøve ulik reiskap og deltake i slåtten. Dei som ynskjer kan ta med eigen ljå.
Det blir lagt opp til ein sosial og familievenleg dag med triveleg kaffirøe etter slåttegrauten og kulturelle diskusjonar.

Vi er sjølvsagt avhengige av at vêrgudane er med oss for å få alt til å klaffe. Men uansett inviterer vi til ein triveleg dag på Rygnestadtunet.

 

Som vanleg serverer vi rjomegraut og ein kopp kaffi.

Eit av måla med tradisjonell landskapspleie er å få fram den gamle vegetasjonen og auke det biologiske mangfaldet. Tobakksblom, eller solblom, er ei plante som no er på veg tilbake.