Musea og det uhandgripelige - i møte med språk og industri


Den immaterielle kulturen er ofte knytt til tradisjonsuttrykk som musikk, dans, og handverk med tre eller tekstil. Men også i møte med industri og teknologi etablerer det seg tause praksisar og handlingar som det korkje finst språk eller manualar for. I Norges Museumsforbund sitt seminar 6. og 7. november får vi innblikk i praksisane innafor den industrielle garn- og vevproduksjonen i Noreg sist på 1800-talet – på Sjølingstad Uldvarefabrikk i Mandal.
06. november - 07. november 2017
11:30
Sjølingstad Uldvarfabrikk

Program

 

Dag 1 På Sjølingstad Uldvarefabrik

11.30 Registrering
12.00 Lunsj
12.45 Velkomen ved Sylvi Sørensen
13.15 Foredrag ved Magne Velure (foredrag og samtale)
14.30 Pause
14.50 Omvising i fabrikken/orienteringar om to dokumentasjonsprosjekt: - SIKA ved Eivind Falk - Sjølingstad
          ved (foredragshaldar ikkje bestemt)
16.20 Omvising i veveriet
16.50 Pause
17.00 Idétorg (10 minutts presentasjonar frå deltakarar)
18.00 Slutt
19.30 Middag på hotellet

 

Dag 2 På Sjølingstad Uldvarefabrik

09.00 Foredrag ved Ottar Grepstad, Nynorsk kultursentrum (foredrag og samtale)
10.00 Norsk kulturråd FOU ved Olav Hamran – «korleis kan Kulturrådet stimulere til auka forsking og utviklingsarbeid
          i arbeidet med immateriell kultur?» (foredrag og samtale)
10.45 Kaffipause
11.00 Idétorg (10 minutts presentasjonar frå deltakarar)
11.30 Oppsummering, idear til komande seminar, arbeid i seksjonen
12.00 Lunsj og avreise

Stad: Sjølingstad Uldvarefabrik i Mandal
Tidspunkt: Måndag 6. og tysdag 7. november
Påmelding til: ask@setesdalsmuseet.no eller mobil: 917 21 361 (innan 30. september)
OBS: Det er eit tak på 30 deltakarar. Meld deg på no!

 

Foto: Sjølingstad Uldvarefabrikk

           Foto: Sjølingstad Uldvarefabrikk.

 

Den immaterielle kulturen er ofte knytt til tradisjonsuttrykk som musikk, dans, og handverk med tre eller tekstil. Men også i møte med industri og teknologi etablerer det seg tause praksisar og handlingar som det korkje finst språk eller manualar for. I Norges Museumsforbund sitt seminar 6. og 7. november får vi innblikk i praksisane innafor den industrielle garn- og vevproduksjonen i Noreg sist på 1800-talet – på Sjølingstad Uldvarefabrikk i Mandal.


Om Sjølingstad
Sjølingstad Uldvarefabrik vart etablert i 1894 og dreiv med produksjon av garn og vevde produkt fram til 1984. I dag er det Stiftelsen Sjølingstad Uldvarefabrik som driv anlegget som ein levande museums-fabrikk. Dei produserer framleis ullvarer på dei gamle maskinene og dei besøkande får sjå prosessane råulla må gjennom før den endar opp som ferdige varer. Då museumsfabrikken vart etablert i 1984 var eit mål å ikkje berre sikre det fysiske anlegget for ettertida, men like mykje bruken av utstyr og maskineri og yrkeskompetansen knytt til dei gamle produksjonsprosessane.


Andre tema under seminaret I seminaret drøftar vi òg tilhøva mellom kunnskapen og språket, forskinga i feltet – og vi stiller spørsmål om Unesco-konvensjonen i røynda skapar trongare vilkår for den levande kulturarven. På seminaret møter du Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum, Magne Velure, tidlegare museumsmann og kulturbyråkrat, Olav Hamran, leiar for FoU-seksjonen i Norsk kulturråd, Eivind Falk, direktør ved Norsk håndverksinstitutt og Sylvi Sørensen, avdelingsleiar ved Sjølingstad Uldvarefabrik.


Om initiativtakarane
Det er seksjon for immateriell kulturarv i Norges Museumsforbund som er initiativtakar til seminaret. Seksjonen er ein integrert del av Museumsforbundet sitt faglege og fagpolitiske arbeid, og skal vere arena for fagleg utvikling og diskusjon om immateriell kulturarv. Seminaret er årleg tiltak. I styret for seksjonen sit Anna Stella Karlsdottir, Torveig Dahl, Heidi Richardson og Ole Aastad Bråten.

Informasjon om overnatting, transport, prisar og program:
Seminaret er gratis. Deltakarane betaler overnatting, mat og reise sjølve.

Overnatting på Lindesnes Havhotell. Seminarpris kr 1395,- (inkl. middag). Lunsj begge dagar kr 250,-. Referansekode «Norges Museumsforbund». Kontaktinfo: www.havhotellet.no

Det går buss, fly og tog til Kristiansand. Transport vidare til Lindesnes havhotell og Sjølingstad Uldvarefabrik skjer med kollektivtransport, bil eller taxi. For dei som kjem med bil oppmodar vi til samkøyring til og frå hotellet/fabrikken.


Påmelding til: ask@setesdalsmuseet.no eller mobil: 917 21 361 (innan 30. september)

OBS: Det er eit tak på 30 deltakarar. Meld deg på no!