Laftekurs for handverkarar


Har du lyst til å lære meir om lafting? 14.- 17- mars er det kurs på Setesdalsmuseet.
14. mars - 17. mars 2018
08:00
Setesdalsmuseet

Anders Dalseg som arbeider ved Setesdalsmuseet vil halde laftekurs for handverkarar. Kurset er i laftehallen på Setesdalsmuseet Rysstad.

Det startar kl. 10 på onsdag 14. mars og held på til laurdag ca kl. 15.00. Undervisninga er planlagd litt utover kveldane slik at det blir tilsamen omlag 35 timar. Anders tenkjer å undervise i Raulandslaft som er vanleg «kurslaft», men om deltakarane har andre ynskjer, er det mulig å vere innom fleire metodar.

Om det er spørsmål, kontakt ragnhild.dietrichson@austagderfk.no eller ring 95815593.