Familiedag på Setesdalsmuseet


Sundag 8. april vert det familiedag med aktivitetar på Setesdalsmuseet. Set eit kryss i almanakka på den dagen, så kjem vi tilbake med meir informasjon seinare.
08. april - 08. mars 2018
12:00
Setesdalsmuseet

 

Sundag 8. april vart det familiedag med aktivitetar på Setesdalsmuseet.

Handverkaren vår, Anders, lagar fuglekassar med barna.

Utstillingane er opne for publikum.

I kafeen kan ein få seg nysteikte vaflar og noko godt å drikke.

Museumsbutikken er også open.

Det er gratis inngang.