BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design




blank design
Om organisasjonen

Vallebygda rundt 1930

Setesdalsmuseet IKS har sidan 2005 vore eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland, samt Aust-Agder fylkeskommune. Driftsselskapet er eit konsolidert museum, og har ansvar for forvalting av samlingane og drift av anlegga etter avtale med eigarane.
Museet har til saman 17 anlegg, med 67 antikvariske bygningar - og 2 administrasjons-/utstillingsbygg av nyare dato.
Det opphavlege Setesdalsmuseet vart stifta 9. juni 1938 som eit samarbeid mellom dei tre øvste kommunane i Setesdal; Bykle, Valle og Bygland.
Meir om museet sin historie.
I tillegg vart det i 2005 etablert eit anna selskap under namnet Setesdalsmuseet eigedom IKS med eige styre  . Dette selskapet er formelle eigarar av dei anlegga og gjenstandane som det opphavlege Setes-dalsmuseet åtte før konsolideringa vart gjennom-ført, dvs. samanslåing av alle museumsanlegg i regionen til eitt selskap i 2005. Eigar er kommunane Bykle, Valle og Bygland. Andre anlegg har vertskommunen som eigar, med unnatak av Iveland og Vegusdal bygdemuseum som vert eigd av museumslaget.
Verksemda er organisert som eit IKS med styre  og representantskap  der alle eigarane er representerte. Museet har 11 tilsette fordelt på i alt 7,6 årsverk.
Museet tilbyr eit variert utval av ulike typar utstillingar, og har eit breitt tilbod av pedagogiske opplegg til born og unge. Samla besøkstal for anlegga er ca. 15000 pr. år. Museumsstatistikk.
Setesdalsmuseet er underlagt eit omfattande lovverk. For å sikre målretta drift er det utarbeidd ei rekkje planar med varierande innhald.
Vi høyrer gjerne frå deg kva du meiner om museet. Er du fornøgd, eller er det ting som manglar? Send oss gjerne ein mail eller besøk oss på Facebook og gjev oss di meining!

            Innkalling til styremøte/             Referat frå styremøte/
             representantskap                       resentantskap

           Representantskap 29.4.2013

              
               Styremøte 30.10.2012

               Styremøte 21.8.2012

                Styremøte 21.5.2012

            Representantskap 14.12.2011

                Styremøte 08.09.2011 
               

 

 

 

Årsmelding 2010

Årsmelding 2009

 



blank design blank design
Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no


blank design

Kontortid:
08.00 - 15.30 Mån - Fre

Opningstid utanom sesong:
10.00 - 15.00 Mån - Fre
og etter avtale



blank design

horn
Drikkehorn frå mellomalderen, Åmli i Valle
Etter tradisjonen kjem dette hornet frå ein av stutane som segnfiguren Mugge Byklum køyrde tømmeret med då han bygde Muggslopt i Bykle.

blank design

setesdal
Mufle frå Langeid i Bygland
Til setesdalsdrakta høyrer det med mange ulike plagg. Eitt av desse er muflane; fargerikt broderte vottar som nådde om lag midt på handa.

blank design

Ansvarleg redaktør:
Anna Stella Karlsdottir
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS