BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design

Iveland og Vegusdal Bygdemuseum er opphavleg eit privat museum som Aslak Fjermedal sette opp på eigen gard.
   Som ung hadde Aslak teke til å samle på gamalt. Kring 1950 fekk han bygt eit 50 m2 brannsikkert hus i betong til samlinga, og han kjøpte ei gamal årestoge frå Vetrus og sette opp på ei flate noko bakanfor. Likeins med eit kvernhus frå Hovland. Dette vart då byrjinga på sjølve bygdetunet.
   Aslak døydde i 1969, og for familien var det ei stor oppgåve å halde anlegget oppe. Det enda med at dei i 1974 gav bort alt saman i tillegg til 10 mål tomt. Det følgde og med pengar, 10.000 kr. etter Aslak, og 20.000 kr. frå broren Andreas.
   Dei som overtok var eit nyskipa lag som fekk namnet Iveland og Vegusdal museumslag. Vegusdal høyrer i dag til Birkenes kommune, men ligg slik til i høve til Iveland at det fell naturleg å ha eit sams museum.
   I kontrakta for overtaking heiter det at eigaren av Fjermedal til ei kvar tid har plass i styret. Son til Aslak, Torkjel Fjermedal, hadde ein sentral plass i utviklinga av museet fram til han brått døydde i 2002. Nemnast må dessutan Sigurd Belland og Karstein Lie som òg har vore med frå starten.

 Frå Engeslandshuset mot årestoga.

Laget var aktivt, og fram til 1980 var tunet supplert med ein gamal stall frå Engesland, og eit stabbur og ei skogsløe frå Fjermedal. I 1985 sette ein i gong arbeidet med å utvide magasinbygget. Med det fekk ein ganske mykje utstillingsplass.

Det store løftet var likevel då Engeslandhuset vart sett opp i tunet 1989-90. Dette har seinare på mange vis danna ramma omkring den årlege sommarstemna museumslaget skipar til. I forlenginga av dette prosjektet, vart det og sett opp eit brønnhus frå Haugland og eit toalettbygg.

Jamsides arbeidet med bygningar og utstillingar har laget lagt ned mykje arbeid med stokkebåtane som er funne i området. To av båtane er no del av utstillinga "Teknikk og tradisjon i jernalderen", som også viser fram fleire fornminnefunn frå området. Desse er innlånte frå Universitetets oldsakssamling.



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS