BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design
 Soldat i uniform med motorsykkel. Då Agder Regiment på Evjemoen vart nedlagd i 2003, var ein mest 100 år gamal epoke med forsvaret over på Evjemoen. Ei omfattande samling bygningar, fleire av dei verna, vart forlatne. Store mengder materiell av ulike slag låg att, og skulle etter planen kasserast, seljast m.v.
   Oberstløytnant Trygve Johansen var ein av offiserane som fekk til oppgåve å vere med og styre avviklinga av leiren. Planane hans gjekk likevel noko lenger, og etter kvart fekk han gjort avtale om å gjere ein av dei gamle, store lagerbygningane om til utstillingslokal for eit museum. Med gode kontaktar i forsvaret elles, vart det etter kvart ei omfattande samling gjenstandar å stille ut. Alt utstillingsarbeidet på anlegget er gjort av Trygve Johansen sjølv.
   Museet er først og fremst ein dokumentasjon på forsvaret si verksemd på Evjemoen. Samstundes gjev det eit interessant bilete av den generelle utviklinga av det norske forsvaret frå unionsoppløysinga i 1905,

gjennom mellomkrigstida, fem år med tysk okkupasjon og fram til vår eiga tid.
   Evjemoen Forsvarsmuseum er det nyaste av musea i regionen, og vart opna 7. juni 2006 av tidlegare regimentssjef Odd Helge Olsen.



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS