BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design

 

Dei gamle bygningane med årestoge, stolpehus og løe.       
 Bak sjølve hovudbygningen på Fennefoss er det mellom anna restaurert og sett opp ei årestoge, stolpehus og uthus.

 Registreringsprotokollane for Evje og Hornnes Museum har dei første notatane frå 1968. Alf Georg Kjetså var formann i kulturstyret, og la ned mykje arbeid for å få politisk gjennomslag for ideen. I 1975 vart garden på Fennefoss og kjøpt inn, og museet var ein realitet.
   Som vi skjønar var det ein lang prosess før ein fann ei endeleg løysing. Fennefoss som museum var eit godt val. Der var det gamle interessante bygningar med ein historie tilbake til dei gamle haugianarhovdingane og den gamle papirmølla.
   Formelt var dei som dreiv museumsarbeidet, ei kommunal oppnemnd nemnd. I praksis var det nokre eldsjeler som hadde sett seg føre å gjennomføre ein idé. Arbeidsdelinga var at Alf Georg Kjetså skulle take seg av å dokumentere gamle foto, og Sigmund Monen tok seg av bygningar og utstillingar. Museumsarbeidet gjekk i mange år på dugnad utan at kommunen brydde seg så mykje. Det er berre dei 10-12 siste åra at ein har hatt god oppfølging av kommunen i dei konkrete oppgåvene.
   Sjølve tunet består av hovudbygning og eit stolpehus, I ettertid har ein tilført fleire spennande bygningar; ei årestoge frå Galteland, fjøs og løe frå Holtet i Flatebygd, endå eit stolpehus frå Tønnesland i Hornnes, badstoge frå Bjorå, smia etter verksmeden Tørresen frå Evje sentrum og eit kvernhus frå Ramselia i Øvre Dåsvatn.
   Frå 1982 og fram til konsolideringa var Sigmund Monen leiar i den kommunale museumsnemnda. Arbeidet med tilflytting av bygningar, dokumentasjon og registrering av gjenstandar har vorte organisert gjennom han.
   Praktisk drift og fagleg innhald er det den kommunalt oppnemnde museumsnemnda som har stått for. Mest sentral i så måte har Sigmund Monen vore, mellom anna med ansvar for oppbygging av utstillingane og registrering av gjenstandane. Særleg har arbeidet med dokumentasjon av geologi, gruvesoge, smelteverkssoge og arbeidarsoge fått eit stort fokus. Hovudtyngda av utstillingane går på mineral og gruvedrift, med eit variert innhald av til dels sjeldne mineral og stuffar.
   Hovudbygningen på Fennefoss gjev dessutan plass til ei rekkje andre utstillingar, mellom anna det gamle apoteket på Evje, ei skulestoge, bondestoge frå ca. 1900 og rosemåling.

 

 



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS