BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design
blank design

I 1969 overtok Setesdalsmuseet gardstun med bygningar og 10 dekar jord på Nordigard Tveiten. Området er seinare kalla Tveitetunet. Tunet blei opna som museum i 1977. Garden var i si tid bustad for bonde og lensmann Olav Knutsson Tveiten (1758-1837). Han blei valt som Øvre Setesdal sin utsending til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Då fekk Noreg si eiga grunnlov.
   Garden Tveiten har røter langt tilbake i tida. Frå 1600-talet har han vore delt i 3 hovudbruk. Frå gammalt var heimejorda til Nordigard rekna til 120 dekar. 40 dekar let seg drive maskinelt. Det er 500 dekar skog og mykje hei.
   I 1865 var det 1 hest, 11 kyr, 27 sauer, 10 geiter og 1 gris på bruket. Same året blei det sådd 4 tønner (à 139 liter) bygg og 3 tønner poteter.
   Det høyrde 2 stølyar til dette bruket. Kring midten av juni tok ein ut til heimestølen som låg kring 1 times gange borte. Jonsokdagen (24. juni) reiste ein ut frå heimestøylen til støylen lengst vekk. Den låg 4-5 timars gange frå Tveiten. Kring 15.-20. august flytta ein så tilbake til heimestøylen og kom til gards att i byrjinga av september. I samband med støylane var det slåttemark som kvart bruk henta heim 30-40 høylass frå kvart år.
   Før den nye postvegen kom i 1840-åra, gjekk allmannvegen opp ved Kveste og tvert igjennom Tveiten. Frå Tveitetunet gjekk vegen vidare nordover til mot kyrkja. Som tingstad låg såleis Nordigard Tveiten sentralt nok.
   I 1785 vart Olav Knutsson Tveiten lensmann i Valle, og var det til han døydde i 1837. Han var gjestfri, og ingen korkje framand eller kjend reiste frå Tveiten utan å ha motteke bevis på det.
   Men lensmann Olav Knutsson levde i ei tid då neveretten rådde. Det blir såleis fortalt at då sorenskrivaren rynka på nasen av maten han fekk, spurde han skrivaren kor mykje eit nevehogg kosta. Då skrivaren svara 10 daler, la Olav pengane på bordet og drog til skrivaren under øyra slik at han seig i uvit.
   Det er fortalt mykje om denne lensmannen. Ein må likevel tru at han var ein akta mann av di han blei valt til å tale dalen si sak på Eidsvoll i 1814. Setesdølane har reist ein minnestein over Olav Knutsson Tveiten ved Valle kyrkje. På baksida av steinen kan ein lese: "Bonden skal ha sin odel".
   Stovehuset på Tveitetunet har vorte endra fleire gonger opp gjennom tida. Eldste delen har innskrift 1596. Denne gamle stova mot aust har vore tingsal. Ho var då årestove. Ein finn enno dei sotsvarte stokkane i bygningen. Huset blei truleg bygd i to høgder etter at Olav Knutsson hadde vore på Eidsvoll i 1814. I alle fall blir det fortalt at han då innreidde det finaste gjesterommet i dalen i andre høgda. Der låg sorenskrivaren når det blei halde ting på Tveiten. Med ein ny etasje oppå den gamle fekk stovene peis med skorstein og omn ved sida i staden for åre midt på golvet. Stova mot vest var daglegstove.
   I loftet finn ein årstalet 1645. Første høgda av loft var for lagring av matvarer som korn, mjøl, mjølkeprodukt og kjøt. I andre høgda var det klede og andre verdisaker som måtte finnast på bruket.

Arresten med tingsteinen til høgre.
Arresten i Tveiten. Tingsteinen til høgre.


   Gapestokken, eller tingsteinen i tunet, kan vere frå mellomalderen. Det syner at plassen har vore brukt som tingstad langt tilbake i tid. Her batt ein folk som uroa tingfreden. Elles kunne steinen brukast til å tjore hestar i. Til ein lensmannsgard høyrde det sjølvsagt også med ein arrest, og den er å finne noko til høgre i gardstunet, innmed det store lerketreet.
   Like innanfor porten til tunet stod det fram til ut i dette hundreåret ei smie med vegger av gråstein. Badstova som tidlegare stod nede i hellinga nord for tunet, står no på denne staden. Badstover blei først og fremst brukt til å tørke korn i før det blei malt til mjøl på gardskverna. Etter slaktinga om hausten blei kjøt tørka og røykt i badstova. Til røykinga var det best å fyre med tørr ved av einer. Denne sette best smak i kjøtet.
   Tidlegare var sengeklede av m.a. saueskinnfellar leie til å huse lus og lopper. For å ta knekken på desse udyra blei fellane hengde i badstova i sterk varme. Ved å helle litt vatn på dei varme omnsteinane kunne badstova også brukast til sauna.
   I 1974 kjøpte museet ei gammal løe med stall og fjøs for flytting til gammal uthustomt på Tveitetunet. Løa er merka med årstalet 1775. Ho har tidlegare stått direkte på bakken slik at ein kunne kaste høyet inn i ho frå bakkenivå. Seinare er ho plassert på "moderne" måte med fjøs og stall nede og med køyrebru opp til låven. Fjøset har plass til både kyr og sauer.
   I 1987 kjøpte Setesdalsmuseet kvernhuset som høyrer til Nordigard Tveiten. Kvernhuset er no restaurert og skal også i framtida stå på plassen sin ved bekken Gryte. I kvernhuset mol ein kornet til mjøl etter at det først var treskt i treskjelåven og tørka i badstova. Ein mol mjøl i dette kvernhuset til like etter andre verdskrigen.

 

 



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS