BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design
blank design

Skuleklassar i tunet.
Skulane er på vitjing.

Museet var bustaden til bonde og lensmann Olav Knutsson Tveiten (1758-1837). Han vart vald frå øvre Setesdal til å møte på riksforsamlinga i 1814. og var som ein av 112 representantar med på å forme grunnlova for det frie Noreg etter oppløysinga av unionen med Danmark.
   Tanken om å kjøpe dette gardsanlegget var første gang framme i eit styremøte i august 1965. Fylkeskonservator Ulf Hamran vert trekt med i arbeidet, og då styret endeleg bestemte seg for å kjøpe Tveiten, var det med denne grunngjevinga: "Styret for museet har vandskeleg for å gjenomføra andre museumstiltak enn dei som våre sentrale museale instansar økonomisk vil stø opp. Ein meiner difor at fylkeskonservator Hamran sin plan om overtaking av Tveiti er den som fell mest rimeleg. Det høge kostnadsnivå med oms. og annan skatt på alt arbeid, gjer det godt som umogeleg å byggja ut eit museumsanlegg av nyom."
   Våren 1969 varr overdragingspapira underskrivne, og på sommaren var arbeidet med istandsetjing i full sving. Kanskje gjekk det vel fort, og utan at fylkeskonservator Hamran var informert om kva som vart gjort. Iallfall sender han seinhaustes eit kvast brev til styret med sterk kritikk av arbeidet så langt. Korrespondansen vert etter kvart vidfemnande, og arbeidet innstilt fordi styret vil "drøfte dei vidare restaureringsplanar på Tveiti med fagfolk og få dei godkjende i fyrevegen". Deretter truga seljaren med å take tunet tilbake på odel, og ein måtte vente til løysingsfristen var ute..
   Den gamle løa i Nordigard var borte, og for å gjere tunet fullstendig, vart det kjøpt inn ei anna løe frå Heimigard Røysland. Museet fekk også hand om den gamle arrestbygningen frå Tveiten, som då nokre tiår hadde gjort teneste som eldhus på nabogarden Harstad. Den kom tilbake i 1979, same året som den gamle badstoga vart kjøpt attende til Tveiten. I 1987 vart også kvernhuset som høyrde til garden kjøpt.
   Tveiten vart opna for publikum den 7. august 1977. Opningsstemna samla 350 menneske, og var på alle vis lagt opp etter den malen som vert brukt på Tveitestemna den dag i dag, med talar, kulturinnslag, song og spel osb. Seinare har det vore årlege stemner. Kring 1990 vart det gjort avtale mellom Valleutstillinga og Setesdalsmuseet, om å bruke Tveiten til sals- og utstillingsarena for brukskunstnarane i dalen. Valleutstillinga har sidan då stått for den daglege drifta av Tveiten i sommarstid.

Stemnefolket kosar seg.
Tveitestemna 2004.



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS