BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design
blank design
Kulturlandskap rundt Lislestog
I kulturlandskapet finn vi fleire småhus; stolpehus, stølsbu m.m.



Lislestog er ei samling med 12 bygningar. Noko tradisjonelt utforma setesdalstun er likevel ikkje Lislestog.
Det var Marianne og Morten Henriksen som på 1960- og 1970-talet kjøpte og plasserte bygningane på tomta. Kunstmålaren Morten Henriksen var frå Oslo, men budde i Lislestog med familien sin om summarane. Der dreiv han kunst-, handverks- og husflidsutsal.
  Stiftinga "Morten Henriksen samlinga" har seinare fått namnet Lislestog, som er det gamle, tradisjonelle namnet på staden.
Lislestogtunet har to loft, det såkalla Bjørnaråloftet, som kom på plass i 1967, og Heddisloftet - frå Helle - som kom på plass i 1971.
   Stølsbua kom frå Reidalen i Stavenes i 1975. Denne bua har jordgolv, tradisjonell ljore - og inskripsjonar frå 1600-talet. Mjåkkhuset (mjølkehuset) blei flutt frå Lii i Bykle til Lislestog i 1971. Stopehuset (stolpehuset) blei kjøpt på Uppstad i Hylestad (av Såve Brokke) i 1966. Årstalet 1782 er rissa inn.
   Tunet har to stogehus, Mannspannstoga frå vallegarden Kyrvestad, og Flatelandsstoga, frå grenda Oveinang, også i Valle kommune. Den siste fungerte som hovudbygning og bustad for huslyden Henriksen om summarane, og vart sett opp i 1966.
Kvinnhuset (kvernhuset) stod i si tid på garden Holen i Nordbygdi i Bykle. Det vart kjøpt og sett på plass i 1969. Smia kjem også frå Nordbygdi, nærare bestemt frå Nesland.
  

 Folke Nesland og ein til framfor restaurert smie.
Smia, som no er heilt restaurert, kjem frå garden Nesland i Bykle.

 

Det står to badstoger i tunet. Den som står øvst kjem frå Stavenes i Bykle. Stoga vart flutt så seint som i 1979. Den andre badstoga står der ho opphavleg stod. Ho tilhøyrde garden Utistog.
Den såkalla OL-stoga blei bygt til OL på Lillehammer i 1994, og stod der under vinterleikane. Stiftinga kjøpte stoga, som bygningsmessig er inspirert av gamle byggtradisjonar frå Setesdal, midt på 1990-talet.
   Då "Morten Henriksen samlinga", no altså Lislestog, vart kjøpt i 1982, var ikkje alle eininge om kor verdfulle bygningane var. I løpet av dei vel 20 åra som har gått, har dei ulike husa mellom anna fått nye torvtak og er blitt tjøra. I dag er det brei semje om at samlinga - saman med Bykle gamle kyrkje - er eit miljøskapande innslag i kyrkjebygda i Bykle.



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS