BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design
blank design

Stogehus og lopt i rekkje
Heddesloptet og våningshuset.

På 1960-talet byrja kunstmålaren Morten Henriksen frå Oslo å samle bygningar til eit tun. Inspirasjonen for han og kona Marianne var i utgangspunktet like bonderomantisk som hjå naboen i Huldreheimen lenger oppe i bakken. Men Henriksen hadde også i tankane å byggje ein stad der han kunne selje måleria sine, i tillegg til brukskunst og annan husflid. Og den fann han i lia oppanfor Bykle kyrkje.
   Dei første bygningane kom på plass i 1966 (Flatelandsstoga og Mannspannstoga). Desse to vart bygde saman, og innreidde til sommarbustad. Då den siste bygningen vart sett opp i 1979, hadde tunet i tillegg fått 2 lopt, 1 stolpehus, 2 badstoger, 1 smie, 1 kvernhus, 1 mjåkkhus og 1 støylsbu. Dessutan var der eit fjos der heile veggen var saga ut for å gjeve rom til to store utstillingsvindauge. (Dette er sidan fjerna.) I tillegg var det samla ei rekkje gjenstandar. (I alt 649 registreringsnummer.)
   Heller ikkje dette anlegget er bygt opp att med tanke på å vere eit museum, men det ligg fint til i vegkanten, og var den tid ein del av det gamle sentrum med kyrkja og ærverdige Bykle hotell som sentrale midtpunkt.
   I 1981 hadde Henriksen kome fram til at han helst ville kvitte seg med bygningane, og baud dei til Bykle kommune for 1 mill. kroner. Administrasjonen tilrådde kjøp, men framlegget fall med 6 mot 7 stemmer. Det førte til det som nærast må kallast ei "kulturell vekking" i Bykle. Ikkje tale om at storbykapitalistane skulle få reise med bygningane!
   Eit storstilt initiativ vart sett gang, og dei nødvendige pengane - Henriksen hadde då slege av til 950.000 kr. - vart skaffa til veges som eit spleiselag mellom kommune, fylke, Norsk kulturråd, miljøverndepartement m.fl. Dertil teikna private verksemder og privatpersonar seg for eit samla bidrag på 170.000 kr.. Den 22. oktober 1982 vart "Stiftelsen Morten Henriksen samlinga" skipa, og vart ståande som eigar av tunet.
   Samstundes vart det skipa eit lag som kalla seg "Øvre Setesdal folkeminnelag". Dei hadde til oppgåve å sjå til at bygningane kunne få ein fornuftig bruk. Ikkje så lenge etter vart det likevel slik at kulturkontoret i kommunen tok seg av det arbeidet.
   Det første initiativet tok sikte på å leggje til rette for kunsthandverkarar. Keramikaren Inger Anne Ulsted og treskjeraren Kirsti Jahnsen fekk innreidd verkstader og heldt det gåande nokre år.
   I samband med OL-på Lillehammer vart det bygt fleire setesdalshus med tanke på å profilere dalen. Ein av desse bygningane vart kjøpt og sett opp som ein del av anlegget, som no vart døypt om til å heite Lislestog. Her har ein seinare hatt ein fin plass til mindre samlingar, kurs o.l. Våningshuset, som er innreidd med eit godt kjøkken, har til tider vorte nytta som serveringsstad i samarbeid med Bykle hotell.
Det meste av tida har anlegget også vore ope som museum om sommarane. Folk som har kome for å vitje den særmerkte Bykle kyrkje eller sjå på handverk av ulike slag, har gjerne fått med seg ei omvising i Lislestog i same rennet.

 

 

 



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS