BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design

Anton Raabe og Tore Segelcke er båe kjende namn. Han som lege, og samlar av bondeantikvitetar og gamle hus. Ho som skodespelar.
   Raabe hadde vore i Setesdal fleire gonger for å late seg imponere over landskap og gamle bygningar, og han hadde kjøpt bygningar frå Setesdal og sett opp på Bjørnsgard i Sørkedalen der han hadde eit tun med gamle hus.
   Som nygifte kom dei to til Setesdal i 1946. Sett med nasjonalromantiske auge, var Bykle ein vedunderleg stad å kome til, og i god bonderomantisk stil bygde dei på nokre få år opp eit vakkert tun med årestoge, to lopt, eit stolphus, ei støylsbu og eit kvernhus.
   To år seinare vart heile anlegget vart gjeve til Bykle kommune i 1948, med det vilkår at dei kunne bruke museet, som dei gav namnet Huldreheimen, som feriestad resten av levetida. Dei skulle sjølve bere alle utgifter med bygningane. Tore Segelcke var på årlege sommarbesøk til langt ut i 1970 -åra. Ho døydde i 1979, Anton Raabe i 1959.
   Anlegget er ikkje bygt opp som noko autentisk setesdalstun. Bygningane står plassert slik det var likast å få til i høve til det bratte terrenget. Når dei to var på ferie i Bykle, gjekk dei i setesdalsklede, låg i dei stutte sengene og koka maten sin over åren. Jamt og samt drog dei på lange turar inn i fjellheimen for å oppleve natur og gamal kultur på gamle nedlagde støylar. Bonderomantikken er til å ta og føle på, men for dei to som til vanleg levde eit hektisk storbyliv var dette oppfyllinga av ein draum.
   Bygningane står slik Tore og Anton Raabe forlot dei. Også i deira tid var det ein stad folk gjerne kom på besøk og fekk omvising og soger. Når dei var borte var kona på grannegarden, Margit Gjerden, vaktmeister og omvisar.
  Huldreheimen er no del av det ordinære museumsarbeidet i kommunen, og har nyleg gjennomgått omfattande restaureringsarbeid.
   Huldreheimen ligg slik til at det er ein flott tur å gå opp, vandre mellom dei gamle bygningane og ha eit storlått utsyn over heile kyrkjebygda i Bykle. Anlegget er ikkje betjent om sommaren, men det er laga til slik at dørene står oppe og det er muleg å sjå inn i bygningane.



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS