BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design
blank design
Kolet er brent

Fjellgardane, det vil seie hovden- og breiveområdet, har blitt relativt grundig undersøkt dei siste 10-åra; historisk, arkeologisk og geologisk. Undersøkingane har, mellom anna, vist at i alle fall Breive har hatt fast busetnad alt frå 500-talet - på lag 500 år tidlegare enn ein har trudd. Frå 700-talet har utvinninga av myrjern kome i gong. Undersøkingane til Tom Block-Nakkerud har vist at relativt sett store mengder jern har blitt utvunne av surtemyrane. Fram til rundt år 1400 var utvinninga så omfattande at ein før trudde det kunne ha gått ut over skogen. Dette er ikkje tilfellet. Klimaet i store delar av perioden (det vart kjøligare dei siste 100 til 150 åra av perioden) var mildare enn no, og skoggrensa gjekk ein god del høgare enn i dag. Sjølv om bruken av ved var stor, tolde skogen utvinninga godt.

Jernet låg ein halvmeter nede i myra
Ei jernhaldig myr er gjerne raudbrun. Vatnet i ho har også rustfarge, iblant ligg det ein slags oljeliknande "film" på toppen. Stikk du ein spade nedi ei slik myr, kjenner du greitt at ein halvmeter eller så nedi mosen, møter spaden noko motstand. Der ligg myrjernet, svært ureint - men fullt brukbart for den som veit korleis det skal foredlast. Første steget var å spa opp den jernhaldige massen og soltørke han.

Kolbrenning

Det trongst masse ved
Trevirke trongst både til røsting og til å lage trekol av (sjå under), og så stor som utvinninga av jern har vore, har det vore nødvendig med masse ved. Både bjørk og furu har blitt nytta, men ein absolutt føresetnad var at trevirket måtte vere tørt. Truleg har dei hogne stokkane lege minst ein, og kanskje helst to somrar for å bli tørre nok.


Røstinga
Når både den oppspadde, jernhaldige myra og trestokkane hadde fått tørke skikkeleg, kunne den malmhaldige myra røstast. Godt tørka stokkar vart bygde opp til eit kjempebål. På dette vart den soltørka, jernhaldige myrmassen lagd. Elden brende opp det grøvste av planterestane i torva slik at jernet låg att. Det var svært ureint, og kunne ikkje brukast til noko - enno.


Trekol måtte lagast
Først måtte det gravast ei kolgrop eller kolmile, gjerne 2 - 3 meter i tverrmål og ein halvmeter djup. Massen som vart graven ut vart lagt som ein voll rundt mila og gjorde ho djupare. Tømmeret som hadde lege og tørka ein sommar eller to, vart hogge opp omtrent som småved i dag. Vedskiene vart lagde tett i tett og same vegen slik at det blei mest muleg ved og minst muleg luft. Mila blir fylt heilt opp, og får dessutan ein god runding - eller roke - opp over vollen. Så må mila dekkast til med torvstykke og sand. Berre på den eine sida må det vere att ei lita opning. Nedst rundt heile mila vert ho tend på. Etterkvart som elden får tak, vert opninga på sida tetta til. Veden skal ikkje brenne, men berre forkolast. Alt etter kor stor mila er, kan denne prosessen ta både to og tre døger, kanskje endå lenger. Heile tida må mila vaktast slik at varmen vert halden under kontroll. Når forkolinga var ferdig, vart mila tetta heilt til slik at glørne slokna. Det tar fleire dagar før mila har blitt kald slik at trekolet kan takast ut.


I blesteromnen
Blesteromnen var laga av steinheller som stod i ein slags sirkel. Denne ytterveggen kunne vere ein snau meter i diameter. Hellene var kitta saman og fora med leire. I omnen ligg trekol og røsta myrmalm lagvis. Med kraftige blåsebelgar vart luft pumpa inn i omnen for å få høg nok temperatur, 1200 - 1300 grader celsius. Dette var fagarbeid. Temperaturen skulle akkurat høgt nok til at det ureine i myrmalmen, slagget, smelta og rann ut gjennom ei opning i botnen av omnen. Det reine jernet blei liggande att som ein klump i botnen. Til slutt måtte denne klumpen, truleg kalla luppen, hamrast kraftig for å få ut dei siste restane av ureinskap.


Kva og kvar blei det av jernet?
Jernvinna i Fjellgardane var så stor at brorparten vart selt ut av distriktet. Det meste har temmeleg sikkert blitt sendt vestover til Blesestadmoen og Sand. Kvaliteten var god nok til å lage både våpen og reiskap. I alle fall i vikingtida har truleg mykje av jernet blitt til spiker og naglar til skipsbygging.


"Hovden jernverk"
Vi kan godt kalla jernvinnearbeidarane på Hovden frå 700-talet og frametter til rundt år 1400 for industriarbeidarar. Mange av dei arbeidde, i alle fall tidvis, som skiftarbeidarar. Alt tyder på at ein god del av dei dessutan var pendlarar, som heldt til på Hovden i sommarhalvåret. Ein del heldt til i Fjellgardane heile året.


Hovden jernvinnemuseum
I Hovden jernvinnemuseum kan du oppleve ei reise tilbake til vikingtida. Med hjelp av lyd, lys, lukt og røyk får du oppleve noko av stemninga den gongen. Ei stemme losar deg gjennom framstillingsprosessen. Sjølve museet er bygt over eit jernvinneanlegg som er grave fram av arkeologar.


Økonomi - nokre sluttmerknader
Jernet var svært verdfullt. Det er snautt tilfeldig at det eldste brevet som gjeld Setesdal omhandlar garden Hovden. Eigaren, Eivind Torgrimsen, drog på pilegrimsferd til det heilage landet i 1350 eller 1351. Før han reiste overførde han garden til ein ven, og då han ikkje kom att etter reisa, enda saka i retten. Slektningane ville ikkje godta det Eivind hadde gjort. Korleis det enda er høgst uvisst, men det er då heller ikkje det viktigaste. Både reisa til Det heilage landet og det faktum at garden var så mykje verdt at slektningane fann det naturleg å føre sak om han - båe delar fortel at garden var verdfull. Og ein ting er sikkert, det var jernvinna som gjorde Hovdengarden verdt å krangle om.



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS