BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design
blank design
Fjellgardane øvst i Setesdal har vore gjennom omfattande utbyggingar i dei fire tiåra etter at Hovden etablerte seg som eit gigantisk vintersportsområde sist i 1960-åra. Ei omfattande bygging av fritidsbustader og infrastruktur i samband med desse, gjorde det nødvendig med omfattande arkeologiske undersøkingar. Det viste seg at Fjellgardane har vore eit sentralt område for utvinning av jern. I perioden 800-1300 var dette ei omfattande næringsverksemd som har etterlate seg mange spor, mellom anna i form av kolgroper (staden der dei brende trekol til smelteprosessen) og blestergroper (omnen der jernet vart smelta ut av malmen).
   Som ein lekk i dokumentasjonsarbeidet rundt jernvinna, vart det på slutten av 1980-talet sett i gong eit prosjekt med å byggje hus over eit utgrave jernvinneanlegg. Då anlegget vart opna i juni 1991, var det eit museum med ein heilt spesiell atmosfære der kunnskapen om jernvinna vart formidla gjennom illustrasjonar på veggene, ljos-, lyd- og lukteffektar. Ei stemme fortel om jernvinna etter kvart som ei ljoskjegle fører oss gjennom dei ulike delar av utvinningsprosessen.


blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS