BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design
blank design

Amttskulen framfor røykstoga

Skuleåret 1912/1913 heldt amtsskulen til røykstoga. Mellom 1897 og 1947 var bygningen møtelokale for heradstyret.

Røykstoga (gamlestog)
Røykstoga/årestoga kjem frå Haugen i Åraksbø og er tidfest til 1650-åra. Bygningen vart flytt til Bygland i 1897. Her vart den bruka til banklokale og heradshus fram til 1937. I dei 40 åra stoga vart nytta til bank og heradshus var det tregolv og omn der, og over ljoren var det bygt eit lite glashus for å sleppe inn ljos. I tillegg hadde dei parafinlampe. Då elektrisiteten kom til Bygland i 1922, fekk stoga elektrisk ljos. I 1947 vart røystoga overteke av Bygland Museum og vart då gjort om til røykstoge att.
Røykstogene har til vanleg tre rom. Når ein går inn, kjem ein fyrst inn i forstoga, som tener som gang. Taket her er bordkledt. Vidare kjem ein inn i sjølve stoga. Dette rommet var både soverom, opphaldsrom og kjøkken. Midt på golvet er åren, eldstaden som har gjeve hustypen namn. I taket er det eit firkanta hol, ljoren, der røyken kjem ut. Saman med ljoset frå åren var ljoren den einaste ljoskjelda i stoga. Ynskte dei meir ljos kunne dei tenne lamper og tyristikker som dei festa på veggane. Frå stoga kan ein gå vidare inn i det siste rommet i bygningen, klaven. Klaven er delt frå forstoga med ein skiljevegg av bord. På den motsette sida er det ein liten glugg slik at ein får inn litt ljos. Dette rommet vart bruka til å setje koppar og kar av ymse slag i. Frå klaven gjekk det trapp opp på forstogstrevet, dvs. til loftsrommet over forstoga. Her kunne dei setje ting dei ville ha rydda bort.

Heistadstoga (nyestog)
Heistadstoga kjem frå garden Slettå på Heistad. Ho er tidfest til 1743 og er såleis om lag 100 år yngre enn røykstoga. Det hadde då vorte vanleg å byggje ei ny stoge inntil den gamle for å få betre plass. Familiane var store og trong fleire soveplassar. Det var ofte dei yngre generasjonane som flytta inn i nyestog. Her er det sett inn peis med skorstein. Ein kunne då byggje huset i to høgder, slik at ein fekk betre plass. I dei gamle røykstogene hadde ikkje dette vore mogeleg fordi røyken måtte få fritt utløp gjennom ljoren i taket. I nyestog er det også sett inn vindaugo. I 1696 fekk den fyrste garden i Bygland vindaugo i stoga. Med vindaugo vart arbeidslyset mykje betre, samstundes som det varte mykje lenger enn i røykstogene. I nyestog har dei også lagt plankegolv i staden for jordgolv, og dei har fått eplekjellar (potetkjellar). I Heistadstoga budde det folk til etter 2. verdskrig.

Loft
Loftet kjem frå Ljotstog på Skomedal. Det er tidfest til 1700-talet. Loftet var praktbygningen på garden. Som lagerhus og gjestehus var loftet ein svært viktig bygning, og vart difor framheva ved at ein brukte det beste tømmeret og la ned mykje arbeid i eksteriøret. I eldre tid var dette den einaste bygningen på garden med meir enn ein etasje. Dette var mogeleg fordi ein ikkje hadde nokon eldstad der.
Det finst ulike slag loft. Den vanlegaste har ei tømra kjerne med to rom, buret i fyrste høgda og sjølve loftet oppe. Utanpå den tømra kjernen er det ei sval som dekkjer forsida og langsidene, og av og til baksida på bygningen. Inngangen til andre høgda er frå svala.
I buret oppbevarte dei all mat dei hadde avla i året - kjøt, kornvarer, smør osb. Somt vart foredla, anna var rein råvare. Loftet var oppbevaringsplass for tøy; mellom anna klede og fellar/tekstilar til sengene. Kleda låg ofte i kister, eller dei vart hengt opp på rær/vender (staurar som gjekk frå vegg til vegg i takhøgd for skuld mysene). Andre gjenstandar som ein tykte var verdifulle vart óg gøymde i loftet.

Stolpehus
Stolpehuset kjem frå Haugen i Åraksbø. Det er tidfest til 1700-talet. Andre stader vert slike bygningar kalla stabbur. Namnet på bygningen kjem av at bygningen står på stolpar, ofte med ein slags krage på. Dette er for å hindre myser og andre skadedyr frå å kome til. På same vis som bursdelen av loftet vart denne bygningen bruka til lagring av mat. På dørstokken kan ein sjå merke etter at dei har hogge opp kjøt der tidlegare. I stolpehuset var det i tillegg vanleg å henge ulik reiskap som dei trong til dagleg. Dei fleste stolpehus har inngangen på kortveggen til tømmerkjerna, og ofte er det ein bordkledd svalgang framanfor.

Kvernhus
Kverna kjem frå Øvre Søgarden på Lauvdal og er frå 1700-talet. Kverna vart bruka til å male korn i. Kverna stod ved Nautedalsåne og vart drive av vatn som fekk kvernkallen til å gå rundt. Prinsippet med malinga går ut på at ein slår kornet opp i ei stor trakt, ei vie, som heng på veggen over kvernsteinane. I botnen er eit matesvin som syter for at det vert ein jamn tilførsel av korn ned i auga på kvernsteinen. Kornet vert så knusa mellom steinane, og der det kjem ut att står ei kasse som samlar opp det ferdige mjølet.

Oseløa
Løa kjem frå Ose. Ho er bygt i 1650. Denne bygningen er delt inn i tre rom, slik det var vanleg: høyløe, treskjelåve og korngov. Dei gamle løene hadde berre ei høgd. I denne har det vorte bygt til ei høgd og løetrapp slik at ein kan køyre inn høyet oppe. I 1924-25 vart høyløa gjort om til sauefjøs. Då vart det sett inn vindaugo og skore opning frå sauefjøset til treskjelåven og korngovet. Over sauefjøset vart det bygt høytrev. Seinare har sauefjøset vorte teke ned igjen.
I høyløa og korngovet lagra dei høy og kornband. Golva i desse romma var laga av runde stokkar som vart lagt ved sida av kvarandre, trandla. Det siste rommet, treskjelåven, hadde eit slett og tett golv. Her var veggene gjerne også hogd slette. Grunnen til at dei gjorde seg så mykje flid med låven var at det var her dei treskte kornet. Låven måtte difor vere tett så ikkje kornet forsvann mellom golvplankene og gjekk til spille. Kornet vart lagt på golvet i to rader med aksa innover mot midten. Deretter vart det banka hardt, treskt, med ein flygil for å få skilt frå kornet. Ein flygil er eit enkelt reiskap laga av to bjørkestaurar av ulik lengde som er festa til kvarandre med ei skinnreim. Ein held i den lengste stauren og slår på kornet med den kortaste.

 



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS