BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design
blank design

 Alle bygningane i tunet.

Då den første museumsdebatten vart sett i gang i 1923, var det ingen som heilt såg føre seg kva veg ein skulle velje. Alle tenkte seg eit museum der ein flytta til gamle særmerkte bygningar, og plasseringa måtte utifrå økonomiske vurderingar verte anten i sjølve Valle eller på Bygland.
   Då Setesdalsmuseet vart skipa i 1938, tykkjest det ha vore ei stillteiande semje om at det måtte verte Valle. Tankane om eit friluftsmuseum med mange gamle og ulike hus i Prestevodden, vart på sett og vis torpederte då Departementet kravde at Rynestadtunet skulle bli ståande der det var.
   I Bygland hadde dei i 1897 kjøpt ei gamal røyskstoge frå Haugen i Åraksbø og sett opp som kommunehus på Haugå. I 1937 stod eit nytt kommunehus klart til innflytting, og spørsmålet som kom opp var kva ein skulle gjere med det gamle.
   Ei nemnd ihopsett av Ånund Skomedal, Gunnar Haugå, Kristian Stubseid og Mikkjel Skjevrak fekk til oppgåve å finne ut kva ein skulle gjere vidare med bygningen. Etter å ha hatt kontakt med arkitekt Halvor Vreim hjå Riksantikvaren, vart resultatet at ho skulle setjast opp att bak det nye kommunehuset, og verte sett i stand som årestoge att.
   Med det var frøet planta til det som i dag ber namnet Bygland Museum. I motsetning til bonderomantikken i Bykle, var tanken her heile tida å byggje opp att eit gamalt Setesdalstun. Arkitekt Vreim fekk i oppdrag å lage plan og teikningar, og nemnda tok fatt på arbeidet med å skaffe pengar. Fram mot 1950 hadde ein fått bygt til eit lopt frå Ljotstog på Skomedal og eit stolpehus frå Haugen i Åraksbø. Neste steg var å byggje til ei nyestoge frå Heistad og eit kvernhus frå Lauvdal. Siste prosjektet vart den drustelege Oseløa frå 1650, som kom på plass så seint som i 1982.
        Plannemnda understrekar i eit skrift som vart gjeve ut sist i 1940-åra, at målet ikkje var å lage eit "bygdemuseum i vanleg meining, men det som høyrde til ein gamal velutstyrd gard av innbu, av arbeidsgogner og gardsreiskap med meir vil få plass der det høyrde heime i dei gamle husa."
   Etter kvart var det ikkje så vanskeleg å sjå at ein var komen noko i bakevja. Riskevegen var lagd om, og trafikken gjekk forbi utan å stanse. Dessutan var det liten plass att i museumstunet med tanke på seinare utvidingar. Sommaren 1987 gjekk det brev til kommunen om ein ikkje kunne tenkje seg ei plassering nær riksvegen og på nordsida av prestegardsløa.
   Det er vel gale å seie at kommunepolitikarane i Bygland jubla over framlegget. Først då Birgit Skjevrak Skeie slo alarm om forfall og sopp i bygningane, tok ting til å skje fortare. Det var ingen veg utanom eit større og omfattande vedlikehaldsprosjekt, eit arbeid som fort ville verte om lag like kostbart som å flytte bygningane. Enden vart at kommunestyret i 1996 vedtok flytting til Tangen.
   Dermed var prosessen i gang som har gjeve Bygland museum ein heilt ny profil. Den siste bygningen, oseløa, vart flytta ned for tre år sidan. Tanken er å innreie denne til utstilling av landbruksreiskap. Klengstoga står framleis att oppe på Høykòt.
   Bygland Museum har vorte ein svært populær stad for skuleklassar. Der kan ein kome inn i dei gamle husa, tenne eld på åren, steike gode lappar på takka, og høyre spennande soger frå gamle dagar.
   Ein tenkjer seg òg Bygland museum som ein arena der ein kan formidle gamal landbrukskultur. For å kome lenger med den idéen, sørgde Birgit Skjevrak Skeie sommaren 2006 for at anlegget fekk ein storslagen urtehage, og Eystein Greibrokk har planta eplehage med gamle eplesortar.     



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS