BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design
blank design
Sommarbilete

Sjølve museumsbygningen er bygd over eit gamalt jernvinneanlegg.

"Du kan ikkje sjå meg, for eg har vore død i 1000 år, men eg jobba her i vikingtida", seier stemma som leiar deg gjennom jernvinnemuseet. Vikingen fortel historia si, og røyk, ljos, lyd og lukt set deg 1000 år tilbake i tid. Jernvinnemuseet er eit statisk museum, og er bygd opp kring ei blestertuft, og syner oss korleis jern og kol blei produsert i tidleg mellomalder.

Hovden har vore rikt på jernmalm, og var truleg leverandør av jern til heile Sør-Noreg i vikingtid og mellomalder, frå år 800 til 1300. I dag ser vi fleire spor av dette: ei mengd av kolgroper fortel om stor produksjon av kol. Her brende dei store mengder ved i store groper dekka med torv. Det kom ikkje så mykje oksygen slik at det brann opp, men nok til at det ikkje vart kvelt. Etter eit par dagar kunne ein hente opp trekol.
   Trekolet vart ført til blesterhuset. Her la ein kol og malm lagvis i ein omn, og god trekk vart sørga for gjennom ein belg. Først smeltar det ureine i malmen (slagget) bort, og då sit ein att med jernet i klumpar. Jernet må ein då hamre fri for slagg, og så kan det smiast til jernbeslag, våpen eller verktøy, eller til jernbarrar som kan seljast. I dag kan ein fleire stader sjå haugar av slagg rundt der dei har hatt slike blesterhus.

 

 Blesteromnen

 

Jernvinneomnen brenn og røyken siv ut i rommet 
Frå Jernvinnemuseet kan du følgje ein turveg langs elva forbi både myr, kolgroper og jernvinnetufter. Det er sett opp informasjonstavler langs ruta.

 

 

 



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS