hei Setesdalsmuseet -
BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design




blank design

Arkiv:
År: 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Måned:

Siste 10 fra Aktuelt


14.06.2016
Opning av kunstutstilling laurdag 18. juni kl. 14
I sommar er det Olaug Åsen som er gjesteutstillar på Setesdalsmuseet med måleri og grafikk. Utstillinga har fått namnet "Ei ytring".

Laurdag 18. juni kl. 14 er det opning med ordførar i Bygland Leiv Rygg. Kulturinnslag med Jamie Lodberg og Rebecca Egeland.

Olaug Åsen er frå Grendi i Bygland, men har etter at ho vende heim att i 1990 vore busett på Moseid lengst nord i Evje og Hornnes kommune. På garden har ho rigga seg til med eit ljost og triveleg atelier i løa, og derfrå har det gjennom åra vorte levert ein ganske omfattande produksjon av måleri og grafikk.

 

I 1977 kom ho inn på Kunst- og håndverksskolen i Bergen. Det var som å kome inn i eit eventyr å verte del av eit slikt miljø. Rett nok kunne ein lengte heim av og til, men å få lov til å halde på med det ein hadde mest lyst til heile dagen var fantastisk. Studiet var praktisk orientert mot møbeldesign og interiør, men ved sida vart det mykje måling. Frå starten til ut 1990-talet var også møbeldesign ein del av næringsgrunnlaget for den unge kunstnaren.

 

Gjennom snart førti år som kunstnar har kunsten til Olaug Åsen hatt som kjenneteikn ei blanding av det abstrakte og det figurative. Den første perioden er prega av fargar, og vart så følgt av nokre år med forsiktig fargebruk i kombinasjon med dyr. Det største kattedyret vårt, gaupa, har mange gonger luska rundt i måleria. Som i verkelegheita; godt skjult men likevel veldig til stades.

 

Olaug Åsen har også tidlegare stilt ut på Setesdalsmuseet og på det som no er ein del av Setesdalsmuseet, Sylvartun. Det er difor med stor glede vi ønskjer henne velkomen tilbake som utstillar med ein kolleksjon av måleri og grafikk frå dei siste åra. Naturmystikken er på ein måte borte, men i staden har det kome meir ljos, meir fargar.

 

Abstrakt i forma, men likevel med eit umiskjenneleg innslag av Setesdal.


Olaug Åsen si heimeside 


blank design blank design
Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no


blank design

Kontortid:
08.00 - 15.30 Mån - Fre

Opningstid utanom sesong:
10.00 - 15.00 Mån - Fre
og etter avtale



blank design

horn
Drikkehorn frå mellomalderen, Åmli i Valle
Etter tradisjonen kjem dette hornet frå ein av stutane som segnfiguren Mugge Byklum køyrde tømmeret med då han bygde Muggslopt i Bykle.

blank design

setesdal
Mufle frå Langeid i Bygland
Til setesdalsdrakta høyrer det med mange ulike plagg. Eitt av desse er muflane; fargerikt broderte vottar som nådde om lag midt på handa.

blank design

Ansvarleg redaktør:
Anna Stella Karlsdottir
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS