hei Setesdalsmuseet -
BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design




blank design

Arkiv:
År: 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Måned:

Siste 10 fra Aktuelt


15.04.2016
Bli kjent med setesdalsmålaren Erik Petri
Synøve Hetager har skriva bok om målaren, og kjem til Bygland Bibliotek tysdag 19. april kl 18 for å fortelje om kunstnaren, og vise døme på målarkunsten hans.

Fri inngang og enkel servering. Vel møtt.

«Erik P. Petri - en glemt maler» var namnet på ei bok som kom ut på seinsommaren i fjor. Hovudpersonen er kunstmålaren Erik Petri, som også var mykje i Setesdal og måla. Han var frå Halden, men flutte som så mange andre ungdomar til Amerika. Der fekk han kunstnaropplæringa si

 

Han var ein av dei som kom tilbake, og frå eit oppslag i Agder Tidend frå 1920 ser vi at han alt då hadde begynt å interessere seg for Setesdal: «Erik Petri er korkje gamaldags eller heilt moderne i sin kunst, han freistar aa slaa den gamle og den nye retning saman. I sume av bilæti hans m.a. eit par fraa Sætesdal finn ein dei sterke kraftige fargane og breide penseldrag medan andre er meir detaljera og nærmar seg fotografiet. Motiv og stemning staar sværande godt saman og det maa segjast at han hev valt motivi sine med stor dugleik." (1920, Agder Tidende)

 

Han heldt fram med å kome iallfall til fram mot krigen. I 1936 hadde han utstilling i Kristiansand som fekk god omtale i Agder Tidend, så det var tydeleg han var på godfot med redaksjonen der.

 

I arbeidet med å følgje i fotefara etter Petri, les me at han også han har vore i Valle og måla. Elles er det berre i Bygland vi har treft på folk som framleis har kunnskap om målaren. Han budde truelg på Haugå og i Prestegarden. Som så mange andre kunstnarar hadde han vanskar med å få endane til å møtast, og det vert sagt at han ofte betala kost og losji med eit måleri eller to.

 

Ho som har skriva om kunstnaren, heiter Synøve G. Hetager, og var i si tid nabo til Petri på Hurum. Tysdag 19. april kl. 18 kjem ho til Bygland biblioktek for å fortelje om denne «ukjende» setesdalsmålaren. Ho har og med bilete for å vise oss, og det vert sett opp ei lita utstilling med innlånte måleri i høve dette. 


 


blank design blank design
Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no


blank design

Kontortid:
08.00 - 15.30 Mån - Fre

Opningstid utanom sesong:
10.00 - 15.00 Mån - Fre
og etter avtale



blank design

horn
Drikkehorn frå mellomalderen, Åmli i Valle
Etter tradisjonen kjem dette hornet frå ein av stutane som segnfiguren Mugge Byklum køyrde tømmeret med då han bygde Muggslopt i Bykle.

blank design

setesdal
Mufle frå Langeid i Bygland
Til setesdalsdrakta høyrer det med mange ulike plagg. Eitt av desse er muflane; fargerikt broderte vottar som nådde om lag midt på handa.

blank design

Ansvarleg redaktør:
Anna Stella Karlsdottir
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS