hei Setesdalsmuseet -
BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design




blank design

Arkiv:
År: 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Måned:

Siste 10 fra Aktuelt


21.02.2017
Museumsvertar på Setesdalsmuseet
No er det på tide å tenkje på kva ein skal gjere til sommaren.
Kvifor ikkje verte mmuseumsvert på eitt av musea i Setesdal?

MUSEUMSVERTAR

Setesdalsmuseet skal engasjere museumsvertar ved museet sine avdelingar på Bykle kyrkje/Lislestog, Rygnestadtunet, Sentralbygget Rysstad, Sylvartun, Bygland museum Evje og Hornnes museum Fennefoss, Evjemoen Forsvarsmuseum, Iveland og Vegusdal Bygdemuseum for sommaren 2017.

Arbeidet høver godt for serviceinnstilte skuleelevar/studentar med interesse for kultur og historie. Kjennskap til framandspråk, særleg engelsk, er nødvendig. Gjerne også tysk. Arbeidet som museumsvert er interessant og utfordrande, og gir verdifull praksis til seinare yrkesval. Arbeidet er variert, og museumsvertane vil også få ansvar for andre oppgåver når det er lite besøk.

Ved Bygland museum søker vi etter museumsvertar med tanke å ta imot cruiseturistar. Der er sesongen noko lenger enn ved resten av tuna.

Ved Sylvartun ynskjer vi å tilsetje vertar med kunnskap og interesse for folkemusikk.

Museet har antrekk for museumsvertane (T-skjorte/ fleecejakke ) som skal brukast.

For museumsvertar i Bykle gjeld at jenter brukar kvit stakk. Vi oppmodar dei som vert tilsette og som har eigen bunad frå regionen om å bruke denne. Det vert gjeve ekstra godtgjersle for det.

Relevante søkarar kan bli kontakta for intervju.

Det vil verte kalla inn til  opplæring i forkant. Dette blir 16. juni på Forsvarsmuseet og 17. juni på Rysstad. Vertane må møte ein av dagane.

Søkjarar som kan arbeide på fleire avdelingar og store delar av sommarsesongen vert prioriterte.

Løn etter offentleg regulativ.

Nærare opplysningar får du på tlf. 37 93 63 03.

eller på mail: post@setesdalsmuseet.no

Søknad, søknadsskjema med  CV, attestar og vitnemål skal sendast til

Setesdalsmuseet
Postboks 24
4748 Rysstad innan 12. mars 2017 


Søknadskjema 2017.pdf  


blank design blank design
Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no


blank design

Kontortid:
08.00 - 15.30 Mån - Fre

Opningstid utanom sesong:
10.00 - 15.00 Mån - Fre
og etter avtale



blank design

horn
Drikkehorn frå mellomalderen, Åmli i Valle
Etter tradisjonen kjem dette hornet frå ein av stutane som segnfiguren Mugge Byklum køyrde tømmeret med då han bygde Muggslopt i Bykle.

blank design

setesdal
Mufle frå Langeid i Bygland
Til setesdalsdrakta høyrer det med mange ulike plagg. Eitt av desse er muflane; fargerikt broderte vottar som nådde om lag midt på handa.

blank design

Ansvarleg redaktør:
Anna Stella Karlsdottir
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS