Tveitetunet museum


Nordigard Tveiten i Valle; ein vakker gard med heile vallebygda som sceneteppe bak.

Våningshuset i Tveiten er bygd om fleire gonger. Årstalet 1596 fortel oss at veggene er godt over 400 år gamle. Den gamle stova mot aust skal ha vore salen der tingsamlingane vart haldne. Huset blei truleg bygd på og utvida til to etasjar etter at lensmann Olav Tveiten hadde vore på Eidsvoll i 1814. I alle fall blir det fortalt at han då innreidde det finaste gjesterommet der sorenskrivaren kunne sove når det var tingsamling. Stova mot vest var daglegstove .

I loftet finn ein årstalet 1645. Første etasje av loftet var for lagring av matvarer som korn, mjøl, mjølkeprodukt og kjøt. I andre høgda var det klede og andre verdisaker som måtte finnast på bruket.

Tingsteinen noko til venstre i tunet, kan vere frå middelalderen. Det syner at plassen har vore brukt som tingstad langt tilbake i tid. Der batt ein folk som uroa tingfreden, men det vanlegaste var nok å tjore hesten der.

I 1785 vart Olav Knutsson Tveiten lensmann i Valle, og var det til han døydde i 1837. Han var gjestfri, og ingen korkje framand eller kjend, reiste frå Tveiten utan å ha motteke bevis på det. Han levde i ei tid då neveretten rådde, og det vert fortalt at då sorenskrivaren ein gong rynka på nasen av maten han fekk, spurde han kor mykje eit nevehogg kosta. Då sorenskrivaren svara 10 daler, la Olav pengane på bordet og slo til skrivaren under øyra slik at han uvita.

Trass i alle historiene, må vi likevel tru han var ein akta mann når han vart vald til å tale dalen si sak på Eidsvoll i 1814. Minnesteinen over Olav Knutsson Tveiten står ved Valle kyrkje med teksta: "Bonden skal ha sin odel".

Tveitetunet er for tida under restaurering. Vi håper at sjølve bygget vil vere på plass att i 2018.