Kraftutbygginga i Setesdal


Det er knapt mogeleg å tenkje seg korleis livet i Setesdal hadde vore utan kraftutbygginga. Endringane på 1960-talet var gjennomgripande, og endra folks måte å leve på.

Sjølv om kraftutbygginga begynte tidleg på 1900-talet, skulle det gå lang tid før heile dalen var elektrifisert. I Fjellgardane, på Hovden, drygde det heilt fram til 1955 før dei kunne invitere til ljosfest.

Utstillinga viser Setesdal før og etter kraftutbygginga. Vasskraft er ein av dei eldste metodane folk bruka for å verte hjelpte av naturen. Den vart også utnytta før elektrisiteten kom. Vi følgjer kraftutbygginga trinn for trinn fram til det moderne nettet i dag med tunnellar, pumpestasjonar og kontrollstasjonar nedover heile Setesdal. Før Otra tømmer seg i sjøen ved Kristiansand, har det same vatnet produsert ny elektrisitet ganske mange gonger.

Kraftutbygging har påverka dagleglivet til setesdølane både i positiv og negativ forstand. Det har gjeve arbeid og store inntekter, men også ulemper med store inngrep i naturen. Mellom anna har reguleringane bidrege til ei sterk tilgroing av Otra.

Utstillinga er særs godt eigna for elevar i ungdomsskulen, men er spennande både for ung og gamal.