Hans Henrik Holm


Hans Henrik Holm var osloguten som kom til Setesdal for å leite etter det opprinnelege. Han skreiv bøker på ei forunderleg blanding av nynorsk, setesdalsdialekt og telemål. Diktarstoga hans er no på Setesdalsmuseet.

Kva gjer ein kopi av ei loftsleilegheit frå Karl Johan i Oslo på Setesdalsmuseet? På tidleg 1920-tal kom osloguten Hans Henrik Holm (1897-1984) for fyrste gong til Setesdal. På leit etter den norske folkesjela meinte han Setesdal kunne vere eit godt utgangspunkt. Han kom att gong etter gong og let seg inspirere. Han lånte også med seg bøker og gjenstandar, og når han kom tilbake til Oslo laga han seg etter kvart ei samling med norsk folkekunst og folkeminnelitteratur i det som også var diktarstoga hans.

I 1930 debuterte han med boka «Jonsoknatt» illustrert av kona Frøydis Haavardsholm. Sidan vart det mange bøker; alle skriva på ei blanding av nynorsk og dialektar frå Telemark og Setesdal. Vanskeleg å lese, men med mykje innhald for den som har tålmod til å fordjupe seg.

Diktarstoga er ikkje stor, men har ei spesiell stemning stappfull av litteratur, kunstverk og ulike bondegjenstandar frå reisene han gjorde. Ho står der slik ho ein gong stod på Karl Johan.