Byggjetradisjonar i Setesdal


Setesdal har ein rik bygningsarv med svært høg alder. Av alle bygningar eldre enn 1650 i Noreg, er 20 % i Aust-Agder. Fylket har 240 freda bygningar der ca. 134 er i privat eige og 28 er frå middelalderen. Dei fleste av desse er å finne i Setesdal.

Dei siste 50-60 åra har endra kulturlandskapet. Mange av dei gamle bygningane er borte for godt. Kulturlandskapet har for alltid mist ein del av det sermerkte, og kan aldri byggjast opp att.

Vi veit at rivingstempoet i landet har auka. Samtidig har omlegging og dårlege vilkår i landbruket truleg verka negativt med tanke på å vedlikehalde gamle bygningar.

Bygningar utgjer ein stor del av kulturminna, og legg ofte ramma for ulike kulturmiljø. Kulturminne gjev identitet og tilhøyrigheit.

For Setesdal er eit tydleg fokus på kulturarven og dei kulturelle landskapa ikkje berre positivt for turisme og reiseliv, men også med tanke på kunnskap og handverk lokalt.

Med utstillinga «Byggjetradisjonar i Setesdal» set vi fokus på dette gjennom ein presentasjon av byggjeskikk gjennom dei siste 800 åra.