Setesdalsmuseet Rysstad


«Kultur og tradisjon i Setesdal!» Setesdalsmuseet formidlar god historie på 13 ulike arenaer. Museumsbygget på Rysstad – som du kan besøke heile året –har faste utstillingar i kombinasjon med vekslande sommarutstillingar. Tak deg tid til ein liten kulturpause.

Setesdalsmuseet sitt hovudbygg ligg på Rysstad i Valle kommune. Du er hjarteleg velkomen innom i kontortida vår heile året. Nokon vil sjå på utstillingar, andre har kanskje nokre gamle foto dei lurer på, eller er ute etter ei spesiell lokalhistorisk bok. Vi freistar å hjelpe så langt vi kan. Museet har særleg kompetanse på bygningsvern, drakt og gamle foto. Sjølvsagt i tillegg alt det som har med gamle gjenstandar og historie frå dalen å gjere.

Museet dekker dei fem kommunane Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle, og for moro hender det at vi skryter av å vere «landets lengste museum». Vi er ein del av Aust-Agder museum og arkiv IKS. Saman med Kuben i Arendal og Grimstad bys museer forvaltar og formidlar vi den historiske og kulturelle arven i fylket.

Det er også her du finn eit variert tilbod på utstillingar. Nokre er det vi kallar faste utstillingar og vert ståande over fleire år. Andre står kortare tid, kanskje berre ein sommar.

Vi gleder oss til du kjem på besøk!

Oppvisning i samband med Nordisk strikkesymposium sommaren 2016.
Dette er hovudutstillinga vår med fokus på drakt og kulturtradisjonar i Setesdal. Den er bygt opp rundt eit langt steingjerde der Paal-Helge Haugen si tekst leier oss inn i utstillinga.
Setesdal har ein rik bygningsarv med svært høg alder. Av alle bygningar eldre enn 1650 i Noreg, er 20 % i Aust-Agder. Fylket har 240 freda bygningar der ca. 134 er i privat eige og 28 er frå middelalderen. Dei fleste av desse er å finne i Setesdal.
Hans Henrik Holm var osloguten som kom til Setesdal for å leite etter det opprinnelege. Han skreiv bøker på ei forunderleg blanding av nynorsk, setesdalsdialekt og telemål. Diktarstoga hans er no på Setesdalsmuseet.
Det er knapt mogeleg å tenkje seg korleis livet i Setesdal hadde vore utan kraftutbygginga. Endringane på 1960-talet var gjennomgripande, og endra folks måte å leve på.
Eit setesdalsloft kunne gjeve plass til så mangt, og når museumsmannen Jon Løyland laga til si eiga utstilling av alt det gamle han samla på, kunne det verte ganske spennande.

Relaterte objekter