Lislestog


Det er noko eige med gamle tømmervegger. Brune og solsvidde vitnar dei om tider som har vore, om kultur og arbeidsliv. Enkelt, men likevel så innhaldsrikt og spennande.

Kunstmålaren Morten Henriksen trong ein plass til å selje måleria sine. Løysinga var å byggje sitt eige private museum og galleri midt i kyrkjebygda i Bykle. «Kunst og kultur» i ei god blanding kan vi trygt seie.

Lislestog som museet no vert kalla, er ei samling med tømmerhus og gamle gjenstandar. Bygningane er ikkje sette opp som eit tradisjonelt tun, men har funne sin plass i kulturlandskapet etter kvart som dei vart kjøpte.

Sidan 1982 har anlegget vore eigd av ein stiftelse, og er ope for publikum som eit vanleg museum. Lislestog ligg fint til i vegkanten jamsides kyrkja med ei samling på to loft, eit stolpehus, to badstoger, ei smie, eit kvernhus, eit mjølkehus og ei støylsbu.

I samband med OL-på Lillehammer vart det bygt fleire nye setesdalshus med tanke på å profilere dalen. Eitt av desse husa vart kjøpt av Bykle kommune, og er i dag også ein del av Lislestog.