Hovden jernvinnemuseum


Bygde vikingane skipa sine med jernnaglar frå Hovden? Analyser frå Gokstadskipet fortel oss at delar av jernet som vart brukt der kom frå Agder.

«Du kan ikkje sjå meg, for eg har vore død i 1000 år, men eg jobba her i vikingtida,» seier stemma som leiar deg gjennom Jernvinnemuseet. Vikingen fortel historia si medan røyk, ljos, lyd og lukt set deg tusen år tilbake i tid.

Jernvinnemuseet er bygd opp rundt ei blestertuft. Det vil seie ein stad der myrmalmen – som er rustraud torv som vert spadd opp frå myrene – ved hjelp av varme vart rensa for organisk materiale og stein, og til sist smelta slik at det som då lå låg att var ein jernklump. Delar av museet er slik vikingen reiste frå det ein gong for lenge sidan.

Hovdenområdet – Fjellgardane – var rikt på jernmalm, og leverte jern til heile Sør-Noreg i vikingtid og middelalder. I dag ser vi mange merke etter dette. Den som har augene med seg på tur, vil finne både kolgroper (der dei brende kol til bruk under smelteprosessen) og slagg (smelta stein).

Jernet vart gjerne smidd till jernbarrar og selt vidare. Av omsyn til transporten reknar vi at det meste av jernet hamna på Vestlandet, for derfrå å verte transportert vidare med båt.

 

 

Relaterte objekter