Iveland og Vegusdal bygdemuseum


Litt inn i skogen, men likevel så innhaldsrikt og spennande. Stikkord er arkeologi, draktskikk og bygdekultur.

Aslak, bonden på Fjermedal, hadde sidan ungdomen interesserte seg for alt som var gamalt. Han begynte å kjøpe ting, og i 1950 hadde det vorte så stor ei samling at han måtte byggje eit eige magasinbygg til å ha dei i. Som del av «tidsånda» var det mest gjenstandar frå den gamle bondekulturen han samla, og desse har ein brei plass i utstillingane.

I området er det mykje spennande arkeologi, og utstillinga «Teknikk og tradisjon i jernalderen», gjev publikum innsyn i teknologi og handverk i vikingtida, samferdsel og førestellingar. Sentralt er stokkebåtane som er funne i Haughomvatnet, korleis stokkebåtar vart laga, og kva dei vart bruka til. Gamle ferdselsvegar i distriktet er godt dokumenterte, og vi får innblikk i eit velutvikla kommunikasjonsnett.

Den årlege museumsdagen midt i august samlar alltid mykje folk. Ramma rundt den er Engeslandhuset som er eit typisk gardshus frå distriktet der den eldste delen er frå 1600-talet. Der er det også samla andre gamle bygningar frå ulike delar av Iveland og Vegusdal; ei årestoge, stolpehus (stabbur), eldhus, løe, stall og eit kvernhus.

Frå jernalderutstillinga.