Huldreheimen


Sett med nasjonalromantiske auge, var Bykle for 70 år sidan ein vidunderleg stad å kome til. I Huldreheimen har fortida stått stille.

Huldreheimen er eit sjeldan godt eksempel på eit museum knytta til eit nasjonalromantisk, borgarleg kultursyn. Bygningane og gjenstandane som utgjer Huldreheimen, kjem frå ulike stader i Valle og Bykle. Husklynga utgjer såleis ikkje eit tun slik det ein gong var, men er tilpassa ønskjet om ein romantisk feriestad med praktfull utsikt. Eit døme på dette er at «skåp og kvile» (skapsenger), som tradisjonelt var ein del av stueinteriøret, er sett inn i det store stolpehuset, som og har fått vindauge. Namnet Huldreheimen understrekar det trolske og stemningsfulle med staden.

Anton Raabe og Tore Segelcke var båe kjende namn. Han som lege, og samlar av bondeantikvitetar. Ho som skodespelar. Raabe hadde vore i Setesdal fleire gonger for å late seg imponere over landskap og gamle bygningar, og hadde tidlegare kjøpt tømmerhus frå Setesdal og sett opp på Bjørnsgård i Sørkedalen der han hadde sitt eige, private museum.

Huldreheimen ligg slik til at det er ein flott tur å gå opp, vandre mellom dei gamle bygningane og ha eit storlått utsyn over heile kyrkjebygda i Bykle. Anlegget er ikkje betjent om sommaren, men det er laga til slik at dørene står oppe og det er muleg å sjå inn i bygningane.

Det er laga eit eige hefte om Huldreheimen.