Evjemoen forsvarsmuseum


Evjemoen! Sidan 1954 har rundt rekna 100 000 rekruttar, medrekna noverande NATO-sjef Jens Stoltenberg, starta opp førstegongstenesta på Evjemoen.

Då Agder Regiment på Evjemoen vart nedlagd i 2003, var ein mest hundre år gamal epoke med forsvaret på Evjemoen over. Ei omfattande samling bygningar, fleire av dei verna, vart ståande tomme. Store mengder materiell av ulike slag låg att, og skulle etter planen kasserast, seljast m.v.

Slik gjekk det ikkje. I staden kunne Evjemoen Forsvarsmuseum tre år seinare opne portane. Dette er einaste hærmuseet mellom Bergen og Oslo. Innfallsvinkelen er regionalhistorisk med utviklinga av Evjemoen i fokus. I tillegg vert vi kjende med forsvaret si utvikling og endring gjennom hundre år, i krig og i fred. Her er originale uniformer frå dei ulike tidsepokane, utstyr og våpen samt ei svært rik biletsamling.

Evjemoen er ikkje minst spennande for alle dei som opp gjennom åra har vore tilsette eller hatt teneste der.

Museet har dessutan ei innhaldsrik utstilling om stortingsmann og statsminister Jørgen Løvlands liv og arbeid. Han kom frå bygda, og var ein sentral norsk politikar på vegen fram mot unionsoppløysinga i 1905.