Dampbåten Bjoren


På turen gjennom Setesdal må du få med deg ein tur med den vedfyrte dampbåten Bjoren. Sjekk opp når det er slusetur. Det gjev ei ekstra oppleving!

I 1840-åra kom det veg som gjorde det mogeleg å køyre med hest og kjerre oppetter Setesdal. Då dampbåtane Bjoren og Dølen begynte å gå i 1867, vart transporten nok ein gong dramatisk forandra. Frå å leve i eit tilnærma naturalhushald, begynte setesdølane meir og meir å handle i byane. Jernbane i 1896 (Setesdalsbanen til Byglandsfjord) og rutebilar frå 1920 berre forsterka utviklinga, og bidrog til at setesdølane vart ein meir integrert del av det norske samfunnet.

Bjoren har ikkje gått i rute sidan 1957. Etter tre tiår der det såg ut som den aldri ville kome på vatnet meir, vart den restaurert i 1994. I dag er dette flytande kulturminnet ein av dei viktigaste attraksjonane dalen har å tilby om sommaren, og er mykje brukt av så vel bygdefolk som gjester. Den har til og med vorte «cruisebåt»!

Båten kan chartrast av grupper på opptil 50 personar. Vi tek i mot grupper til firmatruar, familietreff, festivalar, bryllaup m.m. Det er gjeve løyve til skjenking av øl og vin, og anna servering kan bestillast etter avtale.

For folk flest har sundagsturane med start anten på Bygland eller på Byglandsfjord vorte svært populære. På forsommaren vert det sett opp segleplan med utfyllande informasjon slik at billettar kan bestillast i forkant.

DS Bjoren ligg til kai anten på Byglandsfjord eller ved Bygland museum.